Tilsetting av ny kommuneoverlege

Oluf Herlofsen er tilsett som ny kommuneoverlege i Sykkylven kommune. 

Herlofsen er utdanna lege med spesialisering innan indremedisin og hematolog. Han har mange års erfaring som seksjonsoverlege i Helse Møre og Romsdal, og arbeider i dag som seksjonsoverlege ved kreftavdelinga i Ålesund. 

Vi er sikre på at Oluf Herlofsen vil vere ein verdifull ressurs for oss, og vi er veldig glade for å ha han med på laget! 

Oluf startar i stilling i løpet av sommaren 2024. 

Vi ønsker han velkommen til Sykkylven kommune!