Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Kvikkleirekartlegging i Sykkylven

¤EPII_TITLE¤ Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) startar boring for regional kartlegging av fare for store kvikkleireskred i Sykkylven kommune i veke 42.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har det overordna ansvaret for statlege forvaltningsoppgåver innan førebygging av flaumskadar og skredulykker. Som ein del av dette ansvaret føretek NVE ei kontinuerleg landsomfattande kartlegging av flaum og skredutsette område. Dette inneber kartlegging av fare for kvikkleireskred.
I Noreg er det registrert ca. 2000 kvikkleiresonar som er vist i nettportalen NVE Atlas (atlas.nve.no).

NVE gjennomfører no kartlegging av større områder med moglege kvikkleireførekomstar i kommunane Molde, Rauma, Giske, Ålesund, Sula, Sykkylven, Eid, Gloppen, Stryn, Naustdal og Førde. Kartlegginga er ei grov kartlegging, konsentrert om eksisterande busetnad, som vil danne grunnlaget for utarbeiding av kvikkleiresone kart. På bakgrunn av kartlegginga vurderer NVE mellom anna behov for vidare detaljkartlegging og sikring av eksisterande busetnad.
I forbindelse med dette arbeidet er det behov for å innhente informasjon om grunnforholda i utvalte områder ved grunnboring. Informasjonen frå grunnboringane er ein vesentleg del av grunnlaget for den vidare utredninga.

Posisjon for boringane i Giske, Ålesund, Sula og Sykkylven finn du her:  http://arcg.is/0vTK5i  
Posisjon for boringane vil kunne verte flytta noko, for eksempel med tanke på tilkomst. I nokre tilfelle kan det verte aktuelt å bore på naboeigedom til der punktet er plassert.

Det er sendt eigen informasjon til grunneigarar der borepunkta er plassert. 

Kontaktperson i NVE, Lars Løkeland Slåke - telefon: 488 65 891, lals@nve.no
Borentreprenør Geostrøm AS, Thor Høiback - telefon: 481 74 256, rothor@geostrom.no
Sykkylven kommune: Njell Hoftun – telefon 702 46 711, njell.hoftun@sykkylven.kommune.no
Info 
Web Redaktør 02.10.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]