Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Aukande skogbrannfare

¤EPII_TITLE¤ Tørke fører med seg betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, på fjellet, i fjøra, og ved naturområde som ikkje er innmark.

 - Sol, varme og vind slik vi no har hatt over lang tid, gjer faren særleg stor. Tørkeskadd vegetasjon bidreg til brannfare langt over normalen. Sjølv om det enkelte stader har kome nedbør, held faren for brann fram då vegetasjonen tørkar raskt opp i fint ver, seier branninspektør Kjetil Hanssen.

Ver aktsam!

Så tørt som det er no skal det svært lite til for å starte ein brann. Kvar enkelt av oss må vise aktsemd og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt.

Aktsemdsplikta vil seie at ein tek forholdsreglar for å redusere sannsynet for brann og avgrense skadane om brann skulle oppstå. Oppgjord eld må ikkje forlatast før han er fullstendig sløkt.

Bålforbodet
I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Dette forbodet blir gjerne omtalt som “bålforbodet”.

Det generelle forbodet gjeld berre i eller i nærleiken av skog og anna utmark, og med det meiner ein alle område som ikkje er innmark. Døme på innmark er gardsplassar, hustomter, dyrka mark, engslått, kulturbeite og skogplantefelt og liknande område. Men hugs at aktsemdsplikta gjeld på desse områda. Det er den som utfører aktiviteten som er ansvarleg for branntryggleiken.

Å gjere opp eld omfattar bruk av eingongsgrillar, bål- og peisinnretningar. Fjøra vil oftast bli rekna som utmark og vil då vere omfatta av det generelle bålforbodet.

Sjølv om det er generelt bålforbod har du lov til å tenne bål der det openbart ikkje kan starte ein brann. Det skal svært mykje nedbør til for at det openbart ikkje kan føre til brann. – Eg kan vanskeleg sjå for meg nokre område der det no openbart ikkje kan føre til brann, seier Hanssen. Ved brot på aktsemdsplikta eller det generelle forbodet kan ein straffast med bot eller fengsel.

Grilling
- Brannvernet åtvarar generelt mot all bruk av eingongsgrill, i alle fall når det er tørke. Dei kan vere varme i mange timar etter bruk om dei ikkje sløkkjast og kjølast ned skikkeleg, seier brannmeister Gjermund Eidem. Eingongsgrillar må aldri setjast rett på brennbart underlag.

Gassgrillar og elektriske grillar vil i dei fleste tilfelle kunne brukast i eigen hage med normalt vedlikehald, forsvarleg plassering og aktsam bruk. Dette gjeld ikkje om hagen er i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Der gjeld eit generelt forbod.
Hugs at aktsemdsplikta gjeld overalt, i parkar og hagar, på verandaar og terrassar eller under brennbare tak eller liknande overbygningar.

Ved brann eller ulykke, ring 110.

Kort oppsummert

Kort oppsummert har vi eit generelt forbod mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, med unntak av der det openbart ikkje kan føre til brann, medan i hagar, i parkar og anna innmark gjeld det ei alminneleg aktsemdsplikt.


Les meir om branntryggleik på sikkerhverdag.no.
Info 
Web Redaktør 06.07.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]