Vedkomande krav om lovlegkontroll - Nedlegging av Tandstad skule

Fylkesmannen har gjennomført ein lovlegkontroll av kommunestyret sitt vedtak i PS 25/18. Fylkesmannen finn at vedtaket er lovleg og klaga har såleis ikkje ført fram.
Ved brev av 30. mai 2018 kravde tre kommunestyrerepresentantar lovlegheitskontroll (jf kommunelova § 59) av vedtaket om nedlegging av Tandstad skule.
Dei kravde samstundes at klaga vart gitt oppsettande verknad, inntil resultatet av lovlegkontrollen låg føre.
Saka vart lagt fram for kommunestyret (vedtaksorganet) den 18. juni 2018 som sak 46/18.
Slikt vedtak vart gjort:
Sykkylven kommunestyre oversender sak PS 25/2018; Nedlegging av Tandstad skule og endring av krinsgrenser for Sørestranda skule" til fylkesmannen i Møre og Romsdal for lovlegkontroll etter § 59 i kommunelova.
Det vart ikkje gjort vedtak om at klaga skulle få oppsettande verknad (Utsett iverksetting).
20. juni 2018 vart saka oversendt fylkesmannen.
Ved brev datert 2 juli 2018 melder fylkesmannen si avgjerd:
Oppsummering
Fylkesmannen kan utifrå saksdokumenta slå fast at saksbehandlinga i saka har vore forsvarleg. Vedtaket er fatta av rett organ og det er innhaldsmessig lovleg. Fylkesmannen kan etter dette ikkje sjå at det ligg føre forhold ved sak PS 25/18 som medfører at kommunen sitt vedtak om å legge ned Tandstad skule og vedtak om endring i forskrift om kommunale skulekretsgrenser er ulovleg.
Fylkesmannens vedtak
Med heimel i kommunelova § 59 jf. rundskriv H-25/92 og rundskriv H-2123 frå Kommunal og regionaldepartementet finn ikkje fylkesmannen grunnlag for å oppheve kommunestyret si avgjerd i sak PS 25/18 og klaga har såleis ikkje ført fram.