Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Eigedomsskatteseddel på papir

¤EPII_TITLE¤

Frå 7. februar 2014 er digital kommunikasjon hovudregelen når forvaltinga kommuniserer med andre. Forvaltningslova og eForvaltningsforskrifta vart endra i 2014 for å legge til rette for dette. Regelverksendringane som vart gjort, gjeld for heile offentleg sektor, både stat, kommune og fylkeskommune.

 

 

Innbyggarar kan reservere seg mot å få vedtak og andre viktige brev digitalt, viss dei framleis vil ha dette på papir.

Difi (Direktoratat for forvaltning og IKT) har etablert eit felles register over innbyggarane sin digitale kontaktinformasjon og reservasjonsstatus. Når forvaltningsorganet har kopla seg opp til dette registeret, kan det kommunisere digitalt med alle innbyggarar som ikkje har reservert seg, utan å innhente samtykke.

 547 mottakarar av skatteseddel har reservert seg, og får skatteseddelen direkte på papir.

Dei andre får melding om at Sykkylven kommune har sendt dei eigedomsskatteseddel for 2018.  Samstundes får dei melding om at dersom dei ikkje går inn på altinn og les meldinga, vil dei etter to dagar, få tilsendt meldinga på papir.

1434 innbyggarar fekk 20. juni, rett før arbeidstidas slutt, melding om at dei hadde motteke ein eigedomsskatteseddel frå Sykkylven kommune.  21. juni kl 14 hadde 1290 innbyggarar lest skatteseddelen.

22. juni, om morgonen, starta utsending av skatteseddel på papir til dei som ikkje har opna meldinga av 20. juni.

Info 
Web Redaktør 22.06.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]