Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Barnehagane med felles kampanje for bedre sikring av barn i bil

Dei ni barnehagane i Sykkylven vil i perioden 4.-15. juni køyre ein felles kampanje for betre sikring av barn i bil. Aksjonen er retta mot foreldre/føresette, og vert gjennomført i samarbeid med Trygg Trafikk og politiet.

-          Det er for mange foreldre som slurvar når dei skal sikre barna sine i bilen, konstaterer Harald Torseth i Trygg Trafikk.

Alle foreldre som leverer/hentar barna i kampanjeperioden vil bli møtt med plakatar ved inngangane og får utlevert informasjonsmateriell.  Politiet har meldt at dei vil utføre kontrollar ved barnehagane og gi rettleiing til foreldra. Målet er sjølvsagt å sikre det alle kjæraste vi har, nemleg barna.

Dokumentasjon syner at det er enkle bodskap som festar seg. Difor vil to tema bli prioritert: Rett bruk av bilbelte og at barn i bil skal sikrast bakovervendt til dei er 4 år. Ei viktig målsetjing med kampanjen er også at dei tilsette i barnehagane skal bli meir medvitne, kunnskapsrike og motiverte for trygg transport av barn.

Info 
Web Redaktør 04.06.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]