Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Tekniske tenester Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Forseinka kunngjering av eigengodkjenning av "Detaljregulering av FT7, Solheimfeltet" på Fjellsætra

møtet den 23.11.2015 gjorde nærings- og utviklingsutvalet i Sykkylven kommune følgjande vedtak:

"1. Med heimel i plan- og bygningslova sin § 12-12 godkjenner Nærings- og utviklingsutvalet Reguleringsplan FT7, Solheimsfeltet, jamfør planføresegner sist revidert 19.11.15 og planomtale og plankart med siste revisjonsdato 18.11.15.


2. Planføresegnene sitt punkt 3.3, parkering, vert likevel endra slik der vert krav om 2 biloppstillingsplassar pr bueining, jamf. tilsvarande justering for føresegnene 3.1.1 og planomtalen 6.7."

  

Planen var utarbeida av Karlsen og Kvile AS på vegne av Mørelaft AS.

I samband med Proess AS og Mørelaft AS sitt nabovarsel om «Mindre reguleringsendring innanfor detaljregulering for FT7 ved Nysætervatnet» i januar 2018, vart Sykkylven kommune gjort merksam på at det ikkje er gjort underetting og kunngjering av «Detaljregulering av FT7, Solheimfeltet» som vart eigengodkjent 23.11.2015. Jamfør plan- og bygningslova § 12-12 skal registrerte grunneigarar og festarar i planområdet, og andre rettigheitshavarar og naboar når dei blir direkte berørt, bli underretta ved brev med opplysningar om klageadgang når planen er vedtatt. Dette vart ikkje gjort tilbake i 2015. For å oppfylle plan- og bygningslova § 12-12, blir det sendt ut underretting om eigengodkjenninga av «Detaljregulering av FT7, Solheimfeltet» med klageadgang.

Klageinformasjon

Godkjenninga kan klagast inn for Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 3 veker frå denne kunngjeringa. Eventuell klage skal stilast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, men sendast skriftleg til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven eller postmottak@sykkylven.kommune.no.

Merk klaga med saksnr. 2014/1210.

Krav om innløysing eller erstatning må vere sett fram innan 3 – tre år frå denne offentlege kunngjering, jf. pbl. § 15-2 og 15-3.

Dokument knytt til eigengodkjenninga:

15282014002 -  FT7 - Føresegner rev. 191115

15282014002 - FT7 - Plankart rev.181115

15282014002 -  FT7 - Planomtale rev.181115

15282014002 -  FT7 - Saksframlegg eigengodkjenning 231115

15282014002 -  FT7 - Vedtak 231115

Merknader frå høyring_samla

Vedlegg til regulering FT7 Solheimfeltet 

Dokument til planen då den var til offentleg ettersyn finn ein her.

 

Info 
Web Redaktør 20.02.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]