Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Pressemelding - økonomisk resultat 2017

¤EPII_TITLE¤

Urevidert rekneskap for Sykkylven kommune år 2017 er gjort opp med eit rekneskapsmessig mindreforbruk (Udisponert del av netto driftsresultat) på 13 257 419 kroner 

Akkumulerte underskot frå tidlegare år vart gjort opp i rekneskapen for år 2016 og fylkesmannen i Møre og Romsdal meldte Sykkylven kommune ut av ROBEK (Register over kommunar underlagt vilkårsbunden økonomisk kontroll) ved brev av 20. juni 2017.

I 2017 vart det avsett 17 600 181 kroner til disposisjonsfond og kr 2 840 131 kroner til bunde fond. (Dette vart i hovudsak finansiert ved disponering av mindreforbruk 2016, kr 19 094 792)

Udisponert del av netto driftsresultat for 2017, kr 13 267 541, vil i juni 2018 bli disponert av kommunestyret ved godkjenning av rekneskapen for år 2017.

· Årsaka til det positive resultatet er ein kombinasjon av svært store meirinntekter (spesielt skatt og skatteutjamning) heilt på slutten av året og innsparingar innan dei fleste einingar/sektorar

o Skatt og rammetilskot synte ein meirinngang på 6,5 mill kroner, langt over finansdepartementet anslag

· Det er krevjande å stå i eit krysspress mellom stramme budsjett og sjå at der mange stader er behov for meir ressursar. Det er difor ekstra gledeleg å sjå at ein også i år får resultat av arbeidet

· Det er grunn til å peike på at vi framleis må ha ei stram økonomistyring, vi er svært sårbare for svingingar i skatteinntekter eller uføresette utgifter

· Oppsparte midlar er vedteke brukt i økonomiplanperioden 2018-2020

Der er fleire område på driftssida det er behov for meir ressursar enn vi har av tilgjengelege midlar. Knappe budsjett dei siste åra, har gjort at der er område vi ikkje fått tatt nødvendige investeringar eller vedlikehald i kommunen.

Det er derfor viktig at vi held fram med fokus på mest mulig effektiv og god drift. Målet er å gi innbyggarane så gode tenester som mulig innanfor dei tilgjengelege ressursane vi har, uttalar rådmannen til slutt.

For ytterlegare kommentarar:

rådmann May-Helen M. Grimstad tlf. 930 63 569
økonomisjef Arild Bergström tlf. 908 97 957

Info 
Web Redaktør 15.02.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]