Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Barnehagar Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Endra søknadsfrist for barnehageopptaket 2018/2019

¤EPII_TITLE¤ Søknadsfrist til hovudopptaket: 14. februar 2018

Det kan no søkjast på ledige plassar i barnehagane i Sykkylven kommune for opptak hausten 2018. NB: Søknadsfristen til hovudopptaket har tradisjonelt vore 1. mars, men vert no flytta fram om lag to veker. Årsaka til dette er at kommunestyret har fatta vedtak om budsjettkutt i barnehagesektoren som kan innebere at ein kommunal barnehage vert lagt ned frå komande barnehageår. Dersom dette vert ein realitet, treng kommunen lenger tid på prosessen kring hovudopptaket. Endeleg vedtak vert fatta 27. februar.

Det er samordna opptak der ein i utgangspunktet kan velje mellom fem kommunale og fire private barnehagar. I år er det ekstra viktig at søkjarane kryssar av for flest moglege alternativ i prioritert rekkjefølgje. Dersom ein søkjar har 1. prioritet på ein barnehage som vert lagt ned, vil 2. prioritet automatisk telje som 1. prioritet (og tilsvarande «opprykk» for dei andre prioritetane). Søkjaren har ikkje større sjanse for å få innfridd sine ønskjer ved å krysse av for berre eitt eller to alternativ. Slik fungerer ikkje systemet. Dei barna med flest poeng (basert opptakskriterier) får tildelt plass først. Barn som ikkje får plass ved nokon av sine prioriterte alternativ, blir tildelt plass på slutten av opptaket ved ein av dei barnehagane som framleis har ledig kapasitet. Dette skjer då etter ei skjønnsmessig vurdering. Sjansen for å få innfridd sitt hovudønskje har altså ingen samanheng med at ein berre kryssar av for ein barnehage.

Alle barn som er fødd før 1. desember 2017 har lovfesta rett til plass, dersom ein søkjer innan fristen for hovudopptaket.

Dei søkjarane som ikkje får innfridd 1. eller 2. prioritet har klagerett.

Alle søkjarar skal nytte det elektroniske søknadskjemaet (sjå eiga lenke). NB: Hugs å nytte skjemaet for 2018/2019. Dersom de treng hjelp til utfylling av skjemaet kan de ta kontakt med Servicetorget på telefon 70 24 65 00.

Desse må søkje:

- Barn som ikkje har barnehageplass

- Barn som står på venteliste no

- Barn som har plass, men ønskjer å bytte barnehage

Barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester har rett til prioritet ved opptak. Dette må dokumenterast skriftleg. Elles har kommunen utarbeidd eigne kriterier som gir prioritet ved opptak. Informasjon om dette finn de under lenka «Barnehagevedtekter».

NB: Foreldre/føresette som har søsken som ikkje går i same barnehage, har rett til å søkje om «søskensamanslåing». Søknadsfristen for dette er også 14. februar, og desse søknadane skal handsamast i forkant av hovudopptaket. Eigne skjema for søknad om overflytting for søsken kan fåast på Servicetorget eller i den enkelte barnehage. Dersom ein vel å nytte det elektroniske skjemaet for dette, må det presiserast under merknadsfeltet («Andre opplysningar….») at søknaden gjeld søskensamanslåing.


20.12.2017

Info 
Web Redaktør 12.01.2018 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Relaterte - alle gruppert [2] 
Rediger 
Uten navn [4]