Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Sentralbord 70 24 65 00
Send e-post

Uten navn [2] 

Hopp over navigasjonskoblingerNyheiter > Kommuneleiinga Gå til hovedinnhold
Temaelement 
View Part 

Du kjem vel på Sjekk inn?

¤EPII_TITLE¤

Er du glad i Sunnmøre? Lengtar du heim til ho mor?  Då vil vi gjerne sjå deg på Sjekk inn på Campus Ålesund 28. desember

I romjula vil dette vere staden, der du som student, utflytta sunnmøring eller arbeidssøkjande får høve til å ta ein direkte prat med representantar for di drøymebedrift

Sjekk inn 2017 vert arrangert i romjula 28. desember på Campus Ålesund i kantina på Norsk Maritimt Kompetansesenter,  NMK- bygget, frå klokka 17.00 - 20.00.  Det vert rigga opp utstilling og det vert omvising i nokre av simulatorane og mingling. Og arrangementet er gratis!

Kven kan eg møte?

28. desember vil by på ein mangfaldig arbeidsmarknad frå Ålesundsregionen.

Du kan blant anna møte Ekornes ASA, Adviso Advokatfirma AS, DRIW, Avento og Racer, Cordel Norge As, Havnevik AS, TAFJORD, Rolls-Royce Marine, Zegeba AS, FUS barnehagene, Sparebanken Møre, PwC, Stokke AS, Vard Group AS , ELLE mELLE AS, Servi  Tech AS, Ørskog Sparebank, Haram Næring og innovasjonsforum, NAV Ålesund, Ålesund kommunale eiendom, Fagerlia vgs, Næringsforeningen Ålesundregionen, NTNU Ålesund, Steinsvik AS, Bypatrioten, Sunnmørsposten og kommunene i regionen.

Kvar kan eg melde meg på?

Meld deg på facebookarrangementet for oppdatering, slik at du den 28. desember er klar for å Sjekke inn, eller møt opp på Campus Ålesund, kantina på NMK.  Bruk hovudinngangen.

Gjennom www.alesund.kommune.no/sjekkinn  vert du også oppdatert på praktiske opplysningar og bedriftsomtale.

Kven står bak?

Sjekk inn vert arrangert av Region Ålesund, kommunane Giske, Haram, Sandøy, Sula, Skodje, Ørskog, Sykkylven og Ålesund.

Fleire aktørar er også med på laget for romjulas happening; Samarbeidspartnarar som Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Sunnmørsposten, NTNU i Ålesund, ÅKP, Studentparlamentet, Næringslivsutvalget for studenter ved NTNU i Ålesund, Ålesund Sentrumsforening, Haram nærings- og innovasjonsforum, Sykkylven Næringsutvikling AS, Næringsforeningen Ålesundregionen, Giske næringslag, Skodje næringsforening, Bypatrioten og kommunane i Region Ålesund.

Velkomen!

Info 
Web Redaktør 18.12.2017 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Kategoristruktur 
Hopp over navigasjonskoblinger.
Rediger 
Uten navn [4]